BRANDØY

20.-22. juni 2025

DESSE VERT MED

VIGGO KLAUSEN

Viggo er evangelist og forkynnar med over 30 års erfaring. Hovudfokuset har alltid vore å formidla evangeliet til barn og fammiliar. Han er også songforfattar og musikar. I 2019 etablerte han organisasjonen «Velkommen hjem», som har som mål å skapa møteplassar der barn og familiar kan oppleva Jesus på ein kreativ og spennande måte. I veke 17 er dei på Voss.  

Det er tredje gong Viggo blir med på IMS Sommarfest, noko me er svært takknemlege for. Her vil han ha seminar laurdag med tittel «Barn, unge og Den Heilage Ande», men hovudsakleg vil han vera engasjert inn mot barn og familie denne helga. I 2018 gjekk han Noreg på langs, der han opplevde eit fornya forhold til Gud som far. Dette vil han dela meir om i «Rundt leirbålet» fredag. Viggo bur i Kristiansand saman med kona Katharina.

AUD KARIN KJØLVIK RINGVOLL


PROGRAM

Last ned Plakat

Rull til toppen